Gå over ei grense

"Dei kysser, klemmer, stryk kvarandre over kroppen, har god tid. Vil nyta dette. Kjenna på kvarandre, kjenner at dei snart er klar."

Det er midsommarkveld, jonsok. Sola er på veg ned, bålet er tent. Lågmælt allsang bølger ut over kvelden. Namnet Jesus. kvi skulle jeg sørge, jeg har jo en venn... Dei syng om si tru, knyter band gjennom felles sang. Det er skikken at ungdommane samlast her på jonsoknatta. Ikkje alle er like konsentrert om songen. Det er to som sit i utkanten av ringen.

Dei har hatt eit godt auga for kvarandre ei stund. Kjenner på varme for kvarandre, har vore litt kjærastar i smug. Dei har si tru, ei tru som strir litt mot det dei kjenner på. Skal liksom venta. Dei kjem til å bryta band i kveld, gå over ei grense. Dei kjem til å bryta med det idealet som gjeld rundt bålet. Dei har snakka om det, snakka om å gå vidare i lag, inn i nye avsnitt i livet.

Dei har kome nærare kvarandre denne kvelden.

Kvelden, bålet, stemninga og det dei har i lag, gjer at det boblar over. Dei veit at det kjem til å skje noko denne kvelden. Dei har knapt auge for anna enn kvarandre. Men diskret. Dei flytter seg litt bakover, vekk frå dei andre, litt etter litt, før dei etter kvart vert borte i skogen. Dei er på veg inn i noko ulovleg, forbode, skamfullt, umoralsk. Dei er på veg inn i noko fantastisk, ein start på noko.

Dei går sakte innover i skogen, hand i hand. Dei har god tid, kjenner på spenninga, kjenner på at dei er på veg til noko dei andre ikkje vil forstå, ikkje godta. Den sosiale kontrollen er sterk i dette miljøet. Dei sier ikkje stort, går berre tettare og tettare inntil kvarandre, til dei stoppar, eit godt stykke frå bålet og dei andre.

Hendene slepper taket i kvarandre,
tek til å vandra rundt på kroppen, først forsiktig, sidan dristigare.

Den første knappen vert løyst, så ein til. Dei er innanfor kleda. Kjenner varmen frå den andre, mjukt, godt å stryka på, godt å kjenna hendene til den andre på sin kropp. Jakken er det første som havnar på bakken, så ein til. Bluse og skjorte opnar seg, ein BH vert løyst og ei hand er innanfor, kjenner på det ufatteleg mjuke og sanselege som har gøymt seg bak det glatte stoffet.

Ho klemmer seg tett inntil han. Dette er nytt, litt nifst og fantastisk på same tid. Plagg etter plagg fell ned på bakken, til dei legg seg ned, side ved side på bakken. Ho kjenner på han, og han kjenner på henne, nært, lokkande. Det er første gongen dei er så nær kvarandre, første gongen i lag utan klede. Dei kysser, klemmer, stryk kvarandre over kroppen, har god tid. Vil nyta dette. Kjenna på kvarandre, kjenner at dei snart er klar.

Ho legg seg over på ryggen, klar til å ta imot Han. Sakte og forsiktig smeltar dei saman, sakte inn, så ut og inn. Forsiktig. Dei har god tid. Ser kvarandre inn i augene, ser at den andre har det godt, nyt å vera nær, heilt nær. Vera eitt. Tvilen og trua måtte vika for naturen og kjærleiken. Nå veit dei at dei var meint for kvarandre.

Vil du lese flere erotiske noveller? Prøv en av disse populære erotiske novellene: